Plutseleg... der ligg han...tyskaren i ein hyper moderne bubil så fjong at han nesten ikkje torer køyra den. For å vere på den sikkre sida så stoppar han for kvar ein bil han møter mellom Vik og Vangsnes...strengt talt så skulle det sikkert ikkje vore stoppa for ein einaste ein.
Ferja fossar frå kai i det me raude i kinna "snik" oss inn på felt 4 og konstanterar at nok ein gong er me vorte offer for tyskarar på ferie i vårt fedreland. Det er ikkje meir enn ein time til neste ferje, noko som tydleg ikkje plaga tyskaren nevneverdig. Mi store bekymring er at floa ikkje ventar og båten heime skal sjøsettast i kveld samma pokker..
Det reiser seg ein del spørsmål :
Kor mykje betalar tyskarane i vegavgift? Det er nok mykje!
Kunne eg gjort det same på deira Autobahn?
Når skal ein slutte å berre ha eit minutt til gode på ferja?
Er sola på Vangsnes like serk og kvaltetsrik som sola på Leikanger?
Går det an å utestte flo og fjøre?
PS. Benken som bada i sol på Vangsnes fikk kvilepulsen min til å bli så låg at eg nesten gjekk i dvale, medan tyskaren fylte minnebrikka si med Kvinna på andre sida av fjorden.....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar